Om Sondre Bratland

    Sondre Bratland har gjennom dei siste 20 åra markert seg som vår fremste mannlege folkesongar.

    Dette har han gjort gjennom innsamling, undervisning, konsertar og plateutgjevingar.

    Han har gitt ut 13 soloalbum og medverka på 25 andre album. Hans plateselskap gjennom alle desse åra har vore Kirkelig Kulturverksted. Kyrkjeromet er hans viktigaste arena, og han har halde konsertar i om lag 600 kyrkjer frå Lindesnes i sør, til Finnmark i nord.

    Religiøs folkesong er hans spesialområde, men elles spenner hans uttrykk frå norsk kvedartradisjon til country. Han har vore med på å sprengje grenser mellom ulike musikksjangerar og såleis gjort norsk folkesong tilgjengeleg for eit større publikum. Saman med organisten Iver Kleive har han skapt ein ny sjanger innan norsk salmesong, og saman med dirigenten Grete Pedersen skapt nye songuttrykk i norsk kortradisjon.

    Som songlærar har han hatt svært mange elevar, og har halde fleire kurs i folkesong. Han var leiar for folkekulturstudiet ved Høgskolen i Telemark på Rauland i 5 år, og var med og starta opp «Kvedarskulen» på Ole Bull-Akademiet på Voss.

    Sondre Bratland har tonesett tekster av bl.a. Olav H.Hauge, Tarjei Vesaas og Olav Mosdøl. Saman med Kjetil Bjerkestrand skreiv han musikk til Erik Hillestads tekster til «Rekved»,eit tingingsverk til kyrkjas 1000-års jubileum på Moster. Han har også saman med Henrik Ødegård skrive musikken til «Kveikjaren», eit kyrkjespel av Torunn Ystaas til Vangskyrkja på Voss.

    Han har skrive tekster til Irske folketonar, og omsett tekster av Hank Williams.

    Hausten 1996 spela han hovudrolla i «Juleevangeliet», ei oppsetjing på Det Norske Teateret.

    I tillegg til mange songoppdrag i Noreg, har han også hatt konsertar i Sverige, Danmark, Island, Færøyane, Belgia, Tyskland,USA, Palestina og Buthan.

    I 1982 fekk han Spellemannsprisen for «Pilegrimens Sangbog»
    I 1986 fekk han Vinje kommunes kulturpris.
    I 2003 fekk han Telemark fylkes kulturpris.

Framsida - Omtale - Soloplater - Konsertprogram - Pressebilde - Kontakt